Volding kjempar om opprykk til Eliteserien

Martin Ove Roseth har funne seg til rette og spelt seg til fast plass i eit opprykksjagande Sogndal.

Fast i Sogndal: Martin Ove Roseth og Sogndal jaktar opprykk til Eliteserien. Foto: Christian Blom / NTB 

Sport

Søndag var voldingen igjen i startoppstillinga då Sogndal reiste austover for å møte Strømmen. Etter å ha hamna under 1–0 før pause slo gjestene tilbake i 2. omgang og utlikna ved Kristoffer Hoven. Kampen enda uavgjort 1–1. Det gjer at Sogndal ligg på 3.-plass i OBOS-ligaen. Tromsø toppar tabellen med 49 poeng framfor Lillestrøm. Med ein kamp meir spelt ligg Sogndal berre eit poeng bak Lillestrøm og direkte opprykksplass.