Sterk 1. omgang sikra viktige bortepoeng

– Vi spelar kanonbra

Sara Dögg Hjaltadottir - Volda handball  Foto: Joachim Åsebø

Sport

Volda og Grane Arendal stod begge med sju poeng på sine fem første seriekampar i 1. divisjon. Søndag møttest laga i Arendal. Det var venta at Volda skulle få tøff motstand. Det tok ein halv omgang før Volda tok full kontroll på kampen. Hanna Ræstad gav Volda leiinga 4–3 etter tretten minutt og derifrå og ut omgangen var det Volda-dominans. Medan heimelaget berre fekk fem ballar bak Hanna Edvardsson i Volda-målet på dei siste sytten minutta lukkast Volda offensivt. Med tolv skåringa kunne Volda gå til pause med 16-7-leiing.