Ørsta/Volda/Folkestad vann stort og sikra seg 3. plassen

– Jentene er nøgde og vi er nøgde

Ørsta/Volda/Folkestad: Bak frå venstre: Alma Moe Homme, Sunniva Prytz Hammer, Kaja Rekkedal, Anthonett Koikoi, Signe Vinjevoll, Hanna Seline Vartdal, Mari Myklebust Ørstavik, Ida Brenne og Oda Brenne. Framme f.v. Mathilde Dagfinrud, Andrea Helset, Kaja Nygård Thunem, Vilde Vartdal, Nathalie Eide, Silvian Vartdal Ryslett, Hanna Andanes, Lene Bjerknes Liadal og Rebekka Aarsheim Johnsen  Foto: Joachim Åsebø

Sport

Med siger i siste kamp ville samarbeidslaget Ørsta/Volda/Folkestad sikre seg 3.-plassen i 1. divisjon for J19. Herd har vore suverene i divisjonen denne sesongen med førstelaget på førsteplass og Herd 2 på sikker andreplass. Ørsta/Volda/Folkestad låg på 3.-plass før siste seriekamp mot Sykkylven laurdag. Avstanden mellom laga var eitt poeng, i tillegg til at Blindheim og låg eitt poeng bak samarbeidslaget.