Ørsta/Hovdebygda hadde KM-tittelen i lomma i 70 minutt

– Totalt sett ein god sesong

Juniorlaget Ørsta/Hovdebygda var nær ved å sikre seg ein historisk KM-tittel måndag kveld. Det hadde ikkje trenar Bjarne Austrheim sett føre seg då sesongoppkøyringa starta.

3.-plass: Med tap mot Valder i siste seriekamp vart det 3.-plass i 1. divisjon for Ørsta/Hovdebygda. I sytti minutt hadde samarbeidslaget KM-tittelen i lomma, men Valder snudde kampen med to mål på seks minutt. Foto: Privat 

Sport

– Hadde du spurt meg i januar at vi skulle vere topp tre i 1. divisjon hadde eg ikkje trudd på det. Det er imponerande det laget har fått til og det har vore gode resultat. Sjølvsagt er det litt irriterande at vi hadde to matchballar på slutten utan at det går vår veg, men totalt sett har det vore ein god sesong, seier Austrheim.