Ørsta med sterk heimesiger mot Kolstad

G20-laget til Ørsta leverte ein handballfest på heimebane laurdag då dei slo Kolstad 31–27.

Siger: Ruben Rekkedal Nydahl skåra elleve mål i 31-27-sigeren mot Kolstad. 

Sport

Etter bortetap på siste tur til Trondheim var det eit Ørsta-lag som ville tilbake på vinnarsporet laurdag. Kolstad stod med tre sigrar og eit tap før turen til Ørstahallen.

1.-omgangen vart jamn mellom laga. Kolstad var i føringa 13–12 like før pause, men Ruben Rekkedal Nydahl utlikna før laga gjekk i garderoben.

Etter kvilen kom Ørsta godt i gang og etter kvart fekk dei overtaket. Elleve minutt ut i omgangen skåra Nikolai Fagerhol Sira og gav Ørsta leiinga 23–18. Kolstad klarte å kutte leiinga til tre mål, men Ørsta hadde kontroll på kampen. Adrian Roen Kristiansen skåra det siste målet i kampen og fastsette sluttresultatet til 31-27-siger for vertane. Rekkedal Nydahl hadde ein svært god kamp for Ørsta og vart toppskårar med elleve mål.

Sigeren mot Kolstad var Ørsta sin andre på fem kampar i Toppserien. Komande laurdag er det klart for ny kamp i Ørstahallen når Strindheim kjem på besøk.