Tora (17) har stor suksess med fotballen

– Eg vil spele meg nærmare ein fast plass på Arna-Bjørnar

– Fotball har eg spelt heile livet, der alt starta på plenen med storebrørne mine i treårsalderen, fortel Tora Ose.

Nøgd: Tora Ose trivest i Bergen og sin nye klubb Arna-Bjørnar. Foto: Nicholas Noreng 

Sport

Jenta frå Ose i Ørsta er å reknast som eit stortalent. Allereie som sjuåring vart ho spådd ei lys framtid i fotballen, då ho fekk spele på gutelaget i Ørsta. Seinare har ho vorte teken ut på bylag og kretslag saman med eldre spelarar. No bur og studerer ho i Bergen og dyrkar sin største lidenskap.