Målfest for J19-laget

Desse jentene skåra fjorten mål

Ørsta/Volda/Folkestad leverte ein målfest på Volda stadion i kulden onsdag kveld. Angrepsspelet til vertane varma heimepublikummet i 14-0-sigeren.

Målshow: Ørsta/Volda/Folkestad vann 14-0 mot Bergsøy onsdag kveld. Kaja Nygård Thunem, Rebekka Aarsheim Johnsen, Hanna Seline Vartdal, Mathilde Dagfinrud, Kaja Rekkedal og Vilde Vartdal skåra måla for heimelaget.  Foto: Joachim Åsebø

Sport

I 1. divisjon for J19 har samarbeidslaget Ørsta/Volda/Folkestad hatt ein god start på sesongen. På dei fem første kampane hadde laget sanka tolv poeng. I nokre få plussgrader på Volda stadion onsdag kveld var Bergsøy motstandar. Heimelaget var klare favorittar sjølv om kampen vart spelt på 9-ar-bane.