Åtte Ørsta-jenter på Team Søre

J13-laget før sin første seriekamp denne sesongen. Åtte av spelarane på laget er tatt ut i G13-troppen til Team Søre. Framme frå venstre: Kine Hovde Brekk, Marie Rebbestad Vartdal, Mia Nygård, Eli-Marie Lannerholm, Amando Flo Bratteberg, Malin Rekkedal og Victoria Flo Bratteberg. Bak frå venstre: Malin Moe Fet, Alette Hustadnes Myrold, Martine Øye Svedjan, Antonie Moe, Frida Murberg Digernes og Alva Rekkedal Lerheim.   Foto: Frode Følsvik/Ørsta IL fotball

Sport

Troppane til by- og kretslag i fotball for hausten 2020 vart offentleggjort onsdag. Ørsta IL fotball har mange unge og talentfulle fotballspelarar og det viser att i uttaket. Til J13-troppen til Team Søre er det funne plass til åtte spelarar frå Ørsta. Dei åtte er Antonie Moe, Malin Moe Fet, Kine Hovde Brekk, Marie Rebbestad Vartdal, Alva Rekkedal Lerheim, Mia Nygård, Martine Øye Svedjan og Frida Murberg Digernes. I tillegg er Hovdebygda IL fotball representert med Mathea Loe Selbervik, Dorthea Gretland og Mathilde Rebbestad Ryste. Frå Volda er Ingrid Bjørdal og Emma Sofie Håbakk Vik tatt ut.