Nyland ferdig i Aston Villa

Sport

Morkabygdingen Ørjan Håskjold Nyland står no utan klubb. Dette vart klart etter at han og Premier League-klubben vart samde om å terminere kontrakten til 30-åringen. Det opplyser klubben i ei pressemelding.

Landslagsmålvakta kom til Birmingham frå den tyske klubben Ingolstadt i august 2018. I fjor var han med då klubben rykka opp frå Championship til Premier League. For Nyland vart det sju Premier League-kampar for Aston Villa sist sesong og totalt 35 kampar for Birmingham-laget.

- Eg vil takke Aston Villa for oppfylle gutedraumen min om å spele i Premier League. Saman har vi delt gode minner som eg vil hugse resten av livet mitt, skriv Nyland på sin Instagram-konto og ønsker fans og klubben lykke til med resten av sesongen.