Haug vann Gloppen halvmaraton

Sjur Haug var raskast i spurten og gjekk til topps i Gloppen halvmaraton laurdag.

God lokal deltaking: Bak frå venstre: Are bjørgum, Sverre Hoggen, Terje Rebbestad, Frode Fuglehaug, Håvard Sandvik, Tommy Synnes, Marius Østgård, Stian Nedrelid, David Tvergrov, Per Haug, Vegard Nilsen. Framme frå venstre: Vidar liaskar, Kai Arne Skår, Sjur Haug, Kenneth Holsæker, Bjørn Ole Vassbotn, Hallvard Bergmann, Ingvild Øye. 

Sport

For sjuande gong vart Gloppen halvmaraton arrangert. Det var god lokal deltaking, i tillegg løparar frå Tjalve og Bergen løpeklubb. Sjur Haug har vore suveren i løpa han har stilt opp i denne sesongen. På Sandane fekk han hard motstand i Gunnar André Henden (Gloppen friidrettslag). Haug vann spurten og var to sekund føre Henden over målstreken. Vinnartida vart sterke 01:12:04.

Sjur Haug vann Gloppen halvmaraton laurdag.  Foto: Privat

Kenneth Holsæker frå Vartdal enda på 13.-plass total av 120 deltakarar, men kom på 2.-plass i klasse M35-39 år. Bjørn Ole Vassbotn vann M 50–54 år.

I kvinneklassa har Ingvild Øye levert mange gode resultat denne sesongen. På Sandane sprang ho inn til 3.-plass med tida 01:35:51. Elin Gjerde vann klassa på tida 01:30:20 framfor Eirin Aasen Kalheim.

Arrangørane i Fjellhug/Vereide IL fekk gode tilbakemeldingar på arrangementet ifølgje kondis.no og i 2022 skal dei arrangere NM i dei same løypene.