Sluttdrama i Voldahallen

Ålgård var i førarsetet nesten heile kampen mot Volda laurdag kveld, men vertane kunne tatt alle poenga i sluttsekunda.

Kina Kvalsund skåra fem mål mot Ålågrd. I sluttsekunda fekk ho sjansen til å sikre Volda sin tredje strake siger, men målvakta redda skotet frå kapteinen.  Foto: Joachim Åsebø

Sport

– Eg syns ikkje 1. omgang var dårleg. Ålgård veit kva spelarar vi manglar og vi mistar Ingeborg som skulle erstatte Ingrid. Eg tykkjer jentene er flinke til å krige seg fram til dette poenget. Utruleg bra. Sjølvsagt bommar vi litt og kunne ha gjort det betre. Med alt som skjer undervegs i kampen så klarer vi likevel å halde hovudet kaldt og ta eitt poeng. Vi ligg under heile kampen. Sjølvsagt er vi skuffa over at vi ikkje skårar i siste angrep, men vi kan ikkje få alt, sa Volda-trenar Halldor Stefan Haraldsson etter 23-23-kampen mot Ålgård.