Serieopning for KFUM Volda

KFUM Volda er i helga klar for serieopning i eliteserien i volleyball. Dette er andre året i toppserien, etter at laget tok ein krutsterk 5. plass i fjorårssesongen.

KFUM Volda - lagbilete 2020-2021-sesongen 

Sport

På laurdag er det kamp mot Oslo Volley. Dette er laget som hamna på 4. plass i Mizuno-ligaen i fjor, fem poeng føre KFUM Volda. Oslo Volley er eitt av dei laga som har hevda seg i toppen av Mizuno-ligaen lengst. Laget tok NM-gull så seint som i 2017, og fleire av spelarane har vore innom landslaget. Oslo-laget har som KFUM Volda halde på stammen i laget, men har hatt nokre utskiftingar. Søstrene Bech frå Sortland er ikkje med denne sesongen.

Søndag er Koll motstandar. Dette laget er truleg det sterkaste laget i Mizuno-ligaen, og må seiast å vere soleklare favorittar. Dei vann serien i fjor med 14 sigrar av 15 kampar. Koll var også i cupfinalen, men der måtte dei sjå seg slått av Randaberg. Koll Elite Damer har ei svært sterk spelargruppe, spekka med spelarar med brei internasjonal erfaring. Dei har halde på størstedelen av spelargruppa og er i tillegg styrka med landslagsaktuelle Karoline Fauske, som har spelt i USA og Førde.

KFUM Volda er godt budde for sesongen. Laget har trent godt heile sommaren, og har greidd å halde på mange av spelarane som var med i eliteserien i fjor. Viktige Rali Emilova frå Bulgaria har valt å ta ein ny sesong i Volda. I tillegg er laget forsterka med to lovande juniorar frå eigen klubb, Ingrid Indresøvde Bernås og Henna Holsvik Eriksen. Har også ein avtale om at 15 år gamle Solveig Gladsøy Sunde frå Molde skal trene og spele med klubben.

Grunna korona har det ikkje vorte nokon utanbygds turneringar i haust, men det har vorte nokre interne treningskampar. I tillegg deltok KFUM Volda i eliteturneringa i Volda sist helg. Her var TIF Viking og Førde motstandarar. KFUM Volda vann 2-1 mot desse laga laurdag, medan det vart spelt fire sett mot dei same laga søndag. Då vann laga 2 sett kvar i begge kampane.

Trenar Vlado Todorov er nøgd med utbyttet frå sesongoppkøyringa etter å testa ut nye spelarar og nye formasjonar. Dette lovar godt for eliteserien som startar denne helga. Kampane i Oslo vert strøymde på Nettavisen, så vil koronasituasjonen vere avgjerande for om det vert mogleg for publikum å sjå første heimekamp 10. oktober.