Målshow frå juniorlaget

Ørsta/Hovdebygda leverte målshow heime mot Aksla måndag kveld og vann 12-0. Målskårarane: Bak f.v. Evan Dyrhol Aambø (4), Eskil Vinjevoll Nes og Andreas Rebbestad Schjetne (3). Framme f.v. Lasse Rebbestad, Andreas Hjellen Tangen og Torvald Aarsæther Storli (2).  Foto: Privat

Sport

Ørsta/Hovdebygda toppa tabellen i 1. divisjon før kampen mot Aksla måndag kveld. Gjestene hadde tap sine første fem kampar denne sesongen. På Aurstad Arena tok det seksten minutt før heimelaget fekk teljande resultat. Torvald Aarsæther Storli sende Ørsta/Hovdebygda i føringa. Andreas Rebbestad Schjetne dobla leiinga etter 26 minutt. Berre eit minutt seinare ordna same spelar 3-0-leiing. Evan Dyrhol Aambø skåra sitt første mål i kampen etter 29 minutt og Schjetne la på til 5–0 rett før pause.