Ny siger for Ørsta-juniorane

Tabelltopp etter timålskamp

Ørsta/Hovdebygda vann 6-4 borte mot Herd måndag kveld.  Foto: Privat/ARkiv

Sport

Ørsta/Hovdebygda har levert mange gode prestasjonar i 1. divisjon for G19 så langt denne sesongen. Etter kamppause sist veke reiste laget til Ålesund måndag for å møte Herd. Kampen var berre fire minutt gammal då Evan Dyrhol Aambø sende Ørsta/Hovdebygda i leiinga. To minutt seinare sette Vegard Starheim Masdal inn 2-0-målet. Den første halvtimen av kampen var årsbeste av juniorlaget. Trenarar og spelarar har bestemt seg for å attskape prestasjonar. Det har laget fått til samtidig som dei tek nye steg.