NM i friidrett

4.- og 7. plass for Elias og Andrine

Elias Hovden Nilsen imponerte med 4. plass i spyd i NM i friidrett. Han kasta 63,55 meter, berre ein drøy halvmeter bak personleg rekord.

Banerekord: Elias Hovden Nilsen var nær NM-medalje og saman med Andrine Hjellen Haugland er Ørsta IL friidrett utøvarane på nasjonalt toppnivå i spyd.  Foto: Ørsta IL friidrett

Sport

- Eg hadde vona på litt betre resultat, men er godt nøgd med 4. plass, sa Elias.

Elias er no i same treningsgruppe som gullvinnar Kasper Sagen. Motivasjonen er høg for vidare satsing.

NM: Andrine og Elias stadfesta på NM at Ørsta IL friidrett har to utøvarar på nasjonalt toppnivå i spyd. 

7. plass for Andrine

Andrine Hjellen Haugland tok 7. plass i spyd med eit kast på 41,30 m. Med det klarte ho sesongmålet på topp-8-plassering i NM.

Andrine og Elias stadfesta igjen at Ørsta IL friidrett har to utøvarar på nasjonalt toppnivå i spyd.

NM i friidrett vart arrangert på Fana stadion i Bergen 18.-20- september.