Fråfall i breiddefotballen lokalt

– Vi har mista 10-12 spelarar

Mangelen på klare svar for breiddeidretten har sett sine spor i fleire lokale fotballag. Spesielt for Vartdal har fråfallet vore stort.

Kenneth Holsæker og Eskild Ned Vinjevoll i duell i kampen mellom Vartdal og Ørsta 2 i fjor.  Foto: Joachim Åsebø/Arkiv

Sport

– Vi har mista spelarar av ulike grunnar. Totalt har vi mista 10–12 spelarar i ein allereie tynn tropp. Nokre har flytta, andre har reist i militæret, ein spelar har meldt overgang til Ørsta sitt juniorlag og nokre har berre slutta. Vi merkar kraftig kva eit år utan fotball kan gjere, seier Vartdal-trenar Are Bjørgum.