Krinsmeisterskap i friidrett

To topp-10-resultat i Noreg frå Ørsta IL friidrett

Det var god innsats i variabel vind på Aksla stadion i Ålesund under Akslaleikane/KM dag 2.

60 meter: 60 meter hekk for klasse J11 og G11. Det tre næraste i biletet: Pia Flatjord Tofteland, Madelene Almestad og Frøya Bernseter Keilen. 

Sport

Det vart mange KM-medaljar, 28 nye personlege rekordar, tre nye klubb/aldersrekordar, tre resultat over 900 Tyrvingpoeng og to resultat på topp-10 i Norge på Ørsta IL friidrett sine 17 utøvarar som deltok på stemnet.

Aron Bjørdal Berg (G11) sette ny PR og ny klubbrekord G11 på 60 m hekk (68,0) på tida 11,72.

Aron Bjørdal Berg i svevet. 

Filip Hoggen (G16) har pr. no det sjette beste resultat i landet i tresteg G16 med ny storflott PR 11,58 m (før 10,93 m).

tresteg: Filip Hoggen (G16) sette ny pers i tresteg og ligg pr. no på 6.-plass i landet i tresteg i si klasse. 

Madelene Almestad (J10) held fram med å sette klubbrekordar og 900-poengarar. Ho reiste heim med ny PR og klubbrekord J10 på 60 m 9,62 (før 9,78) og 900 Tyrvingpoeng. Ny PR og klubbrekord J10 på 60 m hekk (68,0) med tida 11,88 og 946 Tyrvingpoeng.

Ragne Øyehaug (J10) sette personleg rekord i alle tre øvingane ho deltok i. 

To jenter i aldersklassen J11 har svært god dreis på 2 kg kula: Pia Flatjord Tofteland fekk opp 7,19 m som er ny PR og 903 Tyrvingpoeng. Frøya Bernseter Keilen følgde opp med ny PR 7,08 m og 896 Tyrvingpoeng.

Anne Stave (J13) hadde eit tresteghopp med ny PR 9,01 m. Ida Rebbestad Schjetne (J13) fekk opp 8,83 m og ny PR med 2 kg kula.

200 meter: Anne Stave (J13) tok sølv på 200 m og bronse på tresteg. 

Thea Nilsen (J15) sette ny PR 30,80 m (før 29,45 m) med 500 gr spydet. Akkurat no er no nr. 10 i Norge med 500 gr spydet J15.

Det var flott innsats og gode resultat frå resten av gruppa. Nokre av utøvarane sette personleg rekord i alle øvingane dei deltok i.

Akslaleikane/KM vart arrangert av Ålesund Friidrettsklubb på Aksla stadion søndag 13. september. Det var rundt 90 deltakarar på stemnet. Det var til tider flott ver med solskin og fin temperatur. Stemnet vart arrangert i tråd med gjeldande smittevernreglar.

Isak Vindfjell (bronse i G13), Håvard Bernseter Keilen (sølv i G13) og Arnstein Ose (gull i G15) tok medaljar i slegge