Sterke lokale resultat opp Trollstigen

Spektakulære Trollstigen Opp vart arrangert i helga. Nathalie Vatne Aa vann K17-klassa og Jørgen Gretland kom på pallen i G16.

Siger: Nathalie Vatne Aa på veg mot mål i Trollstigen Opp. Foto: Privat 

Sport

Det tradisjonelle rulleskirennet Trollstigen Opp samla skiløparane søndag. I klassisk stil går løpet frå Trollstigen Camping og Gjestegård og har målgang ved Trollstigen Fjellstue. Hovdebygda langrenn hadde fleire deltakarar på startlista. Juniorane og seniorane gjekk ni kilometer og dei lokale løparane gjekk godt.