Skåra i sin første Champions League-kamp

Malene Aambakk skåra eitt mål mot Borussia Dortmund i Champions League laurdag. 

Sport

Odense og Malene Aambakk spelte sin og laget sin første Champions League-kamp laurdag.

På heimebane var det tysk motstand i BV Borussia 09 Dortmund. Aambakk fekk godt med speletid, noterte seg for eit mål, skaffa straffekast og hadde nokre målgjevande pasningar. Til pause var det uavgjort 13-13, men i 2. omgang tok Odense kontroll på kampen og vann til slutt 32–27.

Komande laurdag er det ny kamp i turneringa.