Volda-siger i serieopninga

Volda leia gjennom heile kampen og vann 24–20 mot Nordstrand i 1. divisjon søndag ettermiddag.

Volda-trenar Halldor Stefan Haraldsson er godt nøgd med serieopninga.  Foto: Joachim Åsebø

Sport

(Sunnmørsposten) – Eg er utruleg letta over at vi vann denne gangen, fordi eg før kampen sa det er sjukt vanskeleg å møte eit nyopprykt lag på bortebane i den første kampen. Du blir alltid litt stressa når det er serieopning, og spesielt når du startar på bortebane. Det var kjekt å sjå at vi fekk ein seier, seier Volda-trenar Halldor Haraldsson til Sunnmørsposten.