Første teljande kamp i Ørsta-fotballen

– No er det berre å kome skikkeleg i gang

Laurdag vart den første teljande kampen spelt på Ørsta stadion denne sesongen. På bana stod Ørsta sitt J13-lag, og motstandar var Volda.

Ørsta J13: Bak frå venstre; Alva Rekkedal Lerheim, Olivia Jagiello, Frida Murberg Digernes, Mia Rand Nygård, Antonie Moe, Linnea Bjørdal Grevsnes, Alette Hustadnes og Malin Fet Moe. Framme frå venstre; Ariana Svedjan, Victoria Flo Bratteberg, Marte Rand Berge, Kine Hovde Brekk og Anabelle Rebbestad. Ikkje til stades; Amanda Flo Bratteberg, Marie Rebbestad Vartdal, Sannah Digernes Vartdal, Martine Øye Svedjan og Malin Rekkedal. 

Sport

For dei som er glad i lokalfotball har det vore lite å glede seg over dei siste månadane. 1. august vart det igjen opna opp for kampar i barne- og ungdomsfotballen. Med klarsignalet frå regjeringa og helsemyndigheitene, er dei lokale klubbane klare til aksjon. Laurdag samla J13-laga til Ørsta, Volda og Hødd seg på Aurstad Arena for miniturnering. Den første kampen mellom Ørsta og Volda vart den første teljande kampen på Ørsta stadion denne sesongen.