Snart vert det skatepark ved Ørstahallen

Opparbeiding av grunn til skatepark ved Ørstahallen er i gang.  Foto: Ørsta kommune

Sport


Ørsta kommune planlegg å byggje ein utandørs skatepark, med opsjon om ein treningspark ved sida av denne, skriv kommunen på heimesidene sine.

Manglande tilbod

Skatemiljøet i Ørsta har tidlegare ikkje hatt eit tilbod eller dedikert område der dei kan få utfalde seg. No har opparbeiding av grunn starta og aktuelle leverandørar er inviterte til å gje tilbod på konkurransen om bygging av skatepark, opplyser kommunen.

Føremålet med konkurransen er å byggje ein utandørs skatepark for aktuelle brukarar i Ørsta sentrum. Parken skal ligge på område som er regulert til park, mellom Ørstahallen og ungdomsskulen. Området er 65 x 25 meter stort, med rulleflate på minimum 800 kvm.


Skatemiljøet er klar i si sak

– Skulle ynskje vi hadde ein skatepark slik dei har i Volda

Tek du deg ein tur til Bilvarehuset i Ørsta får du raskt auge på nokre frosne betongklossar. Klossane er Ørsta sitt svar på ein skatepark og har lege der sidan dei vart flytta frå Kaihuset etter Dagmar-orkanen i 2011.



– Får vi til dette blir vi best i landet

Uteområdet rundt Ørstahallen har ikkje vore planlagt i bygginga, men no er det planar om å få ein aktivitetspark med mellom anna skatepark og Tufte-park.


Ein sosial arena

– Vi ønskjer tilbod på ein skatepark av god kvalitet, og vi har mellom anna teke utgangspunkt i Norsk Organisasjon For Rullebrett (NORB) sine tilrådingar. Parken skal ha gode løysingar for brukarane, god kvalitet i materialval og stå fram attraktiv.

Parken skal oppfordre til kreativitet og aktivitet, og vere eit naturleg samlingspunkt for aktuelle brukarar og innbyggjarar. Parkområdet skal vere ein sosial arena, med moglegheit for uteklasserom for nærliggande skular.

Tilbodsfristen er 25. august.