Malene er klar for proffspel i Danmark

Det er litt skrekkblanda fryd i dette. Ein ny by, nye menneske og eit nytt lag. Pluss at dei snakkar dansk

– Eg er spent, men mest av alt trur eg dette kan verte veldig bra!

Fast følge: Ein handball er aldri lenger unna enn få meters radius frå Malene Aambakk. – Handballspelarar merkar det utruleg godt dersom dei ikkje øver på å kaste. Særleg dei siste månadene med mykje tid til anna enn handball, har det vore viktig for meg å halde ved like forma.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Sport

Malene Aambakk (27) har byrja å kjenne på sommarfuglane i magen. Torsdag er det avreise frå barndomsheimen i Åmdalen, til Danmark for proffspel i handball for eliteserielaget Odense. Eit lag som i tillegg er kvalifisert til Champions League og vil føre Malene ut i Europa i kamp mot dei største laga og stjernene i verda.