«Manglande midlar»

Fleire avslag på spelemidlar i Ørsta

Ørsta skisenter.  Foto: Svein Aam

Sport

Fleire små og store prosjekt i Ørsta har fått avslag på søknad om spelemidlar. I denne omgang.

Og felles for alle avslaga er: «Manglande midlar. Fylkeskommunen har godkjend søknadar for eit høgare, samla beløp enn spelemidlane vi har til fordeling i år. Søknaden er formelt i orden og de kan fornye søknaden neste år. Kommunane har ulike søknadsfristar, sjekk derfor fristen i dykkar kommune. Fristen for kommunane til å sende søknadene vidare til fylkeskommunen er 15. januar 2021.»



Dei som må gå ein ny runde med søknad om spelemidlar er m.a.

Ørsta Skisenter AS, søknad om spelemidlar til etablering av trasé.

Ørsta Hest AS, søknad om spelemidlar til tre tiltak på Ørsta Hestesportsanlegg ved Holmane.

Ørsta kommune, fire tiltak på Turveg i Holmane ved Holmane.

Hovdebygda Idrettslag, søknad om spelemidlar til tre tiltak på Hovdebygda stadion ved Hovdebygda idrettsplass.

Hovdebygda Idrettslag, etablering av lager.

Sæbø Idrettslag, søknad om spelemidlar til rehabilitering av lysanlegg.

Vartdal Turn og Idrettslag, etablering av kunstgrasbane.