Har signert eliteseriemålvakt

Stallen til Volda byrjar å bli klare for komande sesong. Målvakt Hanna Edvardsson har signert eittårskontrakt.  Foto: Joachim Kroken Åsebø /Arkiv

Sport

Volda handball har skrive eittårskontrakt med målvakt Hanna Edvardsson. 26-åringen, som kjem frå Sverige, har tidlegare spelt i Eliteserien for Fredrikstad.

- Hanna er den typen av målvakt som vi har vore ute etter ei god stund. Ho er flink til å jobbe med forsvaret, sterk i nærskòt både fra linje og ving. Ho er også veldig flink å setje spelet i gang, noko som kanskje er blant det viktigaste for oss. Vi i Volda Handball er veldig fornøyde med å klare og hente skandinaviske spelarar med eliteserie-erfaring. Det viser at spelarar også utenfor landet har tro på vårt prosjekt og våre ambisjoner, seier Volda-trenar Halldor Stefan Haraldsson til klubben si heimeside.

Hanna Edvardsson vert målvakt for Volda komande sesong.