Går inn for enkel serie

Damelaget til Ørsta skal spele enkel serie i 3. divisjon denne sesongen. 

Sport

Sunnmøre fotballkrets har bestemt seg for at det skal spelast enkel serie i 4.- og 5. divisjon for menn og i 3. divisjon for kvinner. Kretsstyret har gjort vedtaket og dei har gått inn for det fleirtalet av klubbane i dei ulike divisjonane ønskte. I 6. divisjon var det allereie bestemt at det skal spelast enkel serie. I 4. divisjon for kvinner vert det dobbel serie for dei fem laga.

Det blir og opp- og nedrykk for laga på Sunnmøre denne sesongen.

– Skulle ein f.eks. redusere talet på lag som rykker opp frå 5. til 4. divisjon så kan vi ende opp med at ingen lag rykker ned frå årets 4. divisjon. Det er ikkje gunstig – også når ein sammenliknar seg med dei andre kretsane. Dei aller fleste kretsane følgjer nemleg dei ordinære reglene for opp- og nedrykk i år så sant det blir gjennomført eit seriespel, skriv kretsen på sine heimesider.

Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet skal ifølgje VG ha tilrådd at breiddefotballen ikkje startar opp att før i september.

– Sidan dette ikkje er behandla politisk endå valde kretsstyret å ikkje ta omsyn til dette når serietilbodet for hausten 2020 vart behandla. I vedtaket som vart gjort leggjast det til grunn av breiddefotballen kan kome i gang med kampar igjen frå august månad.