6-åringane er gang med fotballen

Oppstart av nye lag er alltid kjekt i Ørsta Fotball.

Ny generasjon med fotballspelarar: 24 jenter møtte til si første fotballtrening i Ørsta IL fotball denne veka. 

Sport

Korona utsette årets oppstart, men denne veka var det endeleg jentene på 6 år sin tur til å starte. Det var utruleg kjekt at så mange som 24 jenter møtte og var klare for å spele fotball. Jentene vart ønska velkommen av Marte Vaage Øie i trenarteamet, trenarrettleiar Erik Lind og Sparebanken Møre ved Geir Arne Ose.

Sponsorar og mange engasjerte foreldre gjer at Ørsta Fotball kan gi eit godt tilbod til alle som ønsker å spele fotball. Det er veldig kjekt at dette trenarteamet også får med seg to jenter frå Jenter 15-laget. Med Ørsta Fotball sin visjon «ein arena for alle og rom for den einskilde», saman med klubben sin sportsplan, skal desse jentene få mange kjekke treningar og kampar i åra framover.

Måndag 15. juni er det oppstart for gutane i Kiwihallen og vi håper også på godt oppmøte der.