Her skal det spelast NM

Aldersbestemte spelarar frå KFUM Volda Volleyball gler seg til å få spele i Volda Campus Sparebank1 Arena. På bildet ser vi Birte, Edna, Mathilde, Iver og Iven.   Foto: KFUM Volda Volleyball.

Sport

KFUM Volda har blitt tildelt NM U15 i volleyball i 2021. Det stadfesta Norges Volleyballforbund måndag kveld.

- KFUM Volda Volleyball søkte om å få arrangere eitt av fleire NM i 2021 og 2022, og vi er veldig nøgde med tilliten NVBF har vist oss ved å tildele oss NM U15 i 2021, skriv på klubben på sine heimesider.

Grunna koronasituasjonen kan NM 2021 bli flytta til 2022. Om Førde VBK ikkje får arrangere eit utsett NM U15 for 2020 no i oktober vert arrangementa forskyvd. Då vil NM i Volda gå i mars 2022.

- NM U15 er det største innandørs volleyball-arrangementet i landet. I U15 NM deltek 24 jentelag og 24 gutelag. Laga kan bestå av inntil 14 spelarar og tre i støtteapparatet. Laga kjem frå heile landet og kvalifiserer seg gjennom regionale meisterskap. Som arrangør har KFUM Volda Volleyball automatisk kvalifisert seg med både jente- og gutelag. Vanlegvis er det om lag 700 spelarar som deltek, i tillegg kjem mange tilreisande foreldre, sidan eit U15-NM er det første møtet med nasjonal konkurranse i volleyball for dei fleste av spelarane.

Arrangementet går over fire dagar, med start torsdag 18. mars og finalar og sluttspel søndag 21. mars.

U15 NM vil bli det første store arrangementet i Volda Campus Sparebank1 Arena om det går som planlagt.