Ørsta har fått lagt eit godt grunnlag trass koronarestriksjonar

– Blir tøffare å rykke opp med halv sesong

– I starten tæra restriksjonane på motivasjonen. Vi er veldig gira på å få spele og få litt temperatur på treningane.

God stemning: Humøret var godt på Ørsta-treninga torsdag. Sigurd Aarflot Sundnes (t.h) uttrykte ønske at Tore Sætre Orten må bli avbilda i midten av firekanten, og ønsket vart innfridd. 

Sport

Det seier Ørsta-veteran Vidar Liaskar om dei to siste månadane med koronatreningar. Torsdag var tjue Ørsta-spelarar samla til trening på Aurstad Arena.