Ja til Hovdebygda – nei til Ørsta

– No er det Hovdebygda IL fotball sin tur til å få midlar frå kommunen

500.000 over fem år: Utbygginga av kunstgrasanlegget i Hovdebygda er godt i gang. Formannskapet har gått inn for å gje eit årleg kommunalt tilskot på 100.000 kroner i fem år. 

Sport

Det seier ordførar Stein Aam etter at formannskapet har gått inn for å gje eit kommunalt tilskot til kunstgrasutbygginga til Hovdebygda IL fotball. Fotballgruppene i Ørsta IL og Hovdebygda IL har begge sendt søknad om kommunalt tilskot til kunstgrasbane.