Ny banerekord for Elias

Elias Hovden Nilsen har sett ny banerekord i spydkast på Ørsta stadion.  Foto: Olve Øyehaug

Sport

Torsdag 28. mai sette Elias Hovden Nilsen ny banerekord i spydkast på Ørsta stadion med gode 56,87 m. Den gamle rekorden 54,88 m overlevde fram til torsdag kveld alle forsøk sidan 1995.

Nye banerekordar er ikkje kvardagskost og skal heller ikkje vere det. Banerekordane heng høgt. Ser vi på dei andre banerekordane i kast så er kulerekorden 17,09 m frå 1963. Diskosrekorden er 53,84 m frå 1984. Sleggerekorden er 62,66 m frå 1972. Spydrekorden med den gamle spydtypen er 74,48 m frå 1984. Alle desse rekordane er sette av kastarar med store merittar. Så Elias er i særs godt selskap på banerekordlista.

Thea Nilsen debuterte med 600 gr. spydet på stemnet. Ho imponerte med å kaste 24,42 m. Ho er no klubbens 10. beste kvinne i spydkast gjennom alle tider!

Rekordane vart sette på treningsstemne som Ørsta IL friidrett arrangerte. Stemnet var i tråd med smittevernsreglar knytt til covid 19-pandemien.