Avlyser juniormeisterskap

Friidretten har så smått byrja å røre på seg igjen etter stenginga, men det er framleis mange arrangement som ikkje blir noko av.

Ørsta IL friidrett på junior NM i Sigdal i 2019: f.v.: Sigrid Vartdal, Andrine Hjellen Haugland, Elias Hovden Nilsen og Anna Hjellen Haugland.  Foto: Birger Nilsen

Sport

Vikebladet Vestposten: Som følgje av koronapandemien har arrangørane av både ungdomsmeisterskapet i friidrett og junior-NM sett seg nøydde til å avlyse årets meisterskap. Det skriv Norges Friidrettsforbund på sine nettsider.

Junior-NM skulle etter planen arrangerast på Askøy 14. til 16. august, medan UM skulle gå i Trondheim 28. til 30. august. Dimna IL stiller tradisjonelt sterkt under begge meisterskapa, men får altså ikkje den moglegheita i år.

Frå før er det kjent at senior-NM i friidrett måtte utsettast. Det skulle i utgangspunktet gå allereie i juni, men ein satsar i staden på å gjennomføre dette frå 18. til 20. september.

Ifølgje Friidrettsforbundet vil arrangørane som ikkje får gjennomført UM og junior-NM i år i staden få arrangere dei i 2021.

Denne artikkelen vart første publisert av Vikebladet Vestposten