Motiverte og utolmodige Hovdebygda-spelarar

– Treng å kjenne på litt kroppskontakt og sinne

I snart to månader har dei lokale fotballspelarane på seniornivå trena med restriksjonar. I Hovdebygda ventar dei utolmodig på klarsignal for sesongstart i 4. divisjon.

Grupper: Øvingar i mindre grupper, og med god avstand, har blitt den nye normalen på mange fotballbaner i Volda og Ørsta. 

Gjengen held både moti- visjonen og humøret oppe

Skjalg Digernes
Sport

– Når klarsignalet kjem så meiner at alle lag bør vere klare til å starte sesongen i løpet av to veker. Då vil det vere mogleg å få spelt ein del serierundar før fotballferien. Om det lar seg gjere så vil det kunne vere mogleg å ha eit sluttspel i 4. divisjon der tabellen vert delt i to, seier Hovdebygda-trenar Kenneth Nydahl.