Klar for Molde

Lone Vik går frå Volda og til Molde.  Foto: Joachim Åsebø/Arkivfoto

Sport

Strekspelar Lone Vik er klar for eliteserien og spel i Molde. 22-åringen, som kom til Volda frå Stryn, har vore ein viktig spelar for Volda si jakt på opprykk frå 1. divisjon.

– Eg gler meg stort til dette. Molde er ein av die beste klubbane i landet. Eg har store ambisjonar og har stor tru på vidare utvikling i eit av landets beste treningsmiljø, seier Vik i ei pressemelding.

Molde er godt nøgde med at 22-åringen har signert.

– Vi er veldig nøgde med at vi har fått Lone til Molde. Ho har svært gode ferdigheiter som linjespelar. Synleg, rørleg, bra mottak og god bakover. Etter å ha sett hennar innsats i serieopninga mot Larvik sist sesong har eg følgt ekstra med på ho. Dette blir spennande, seier påtroppande Molde-trener Tor Odvar Moen.

For Volda sin del er det klart at bakspelar Hanna Ræstad har signert ny kontrakt. Avtalen gjeld for to nye år.

– Etter at vi rykte opp frå 2. divisjon har vi lagt bak oss to gode sesongar i 1. divisjon, og vist at vi er eit lag å rekne med i toppen av divisjonen og i kampen om eliteserieplass. Eg trivst svært godt i Volda, og føler at eg framleis utviklar meg med Halldór som trenar. Han har mykje å lære vekk, som eg trur og håper vil gjere meg til ein betre handballspelar, seier Ræstad til Volda handball sine heimesider.