– I år klarer vi ikkje å slå ørstingane på bana 16. mai

Lokalfotballen er framleis litt på vent, men Volda og Ørsta gjennomfører eit digital lokaloppgjer.

Lokaloppgjer: Volda og Ørsta har møttest 16. mai dei siste sesongane. I år blir det digitalt lokaloppgjer på fotballen sin nasjonaldag. 

Sport

Laurdag 16. mai blir det eit fiktivt lokaloppgjer mellom Volda og Ørsta på fotballbana. Klubbane har gått saman om ein digital kamp for å sjå kven som klarer å skape størst engasjement.

– I år klarer vi ikkje å slå ørstingane på bana 16. mai, men vi håpar at vi kan slå dei i selde billettar og vi vil sjølvsagt vinne svelekampen, skriv Volda TI fotball i invitasjonen.

– Klarer vi fleire selde billettar enn Volda?, skriv Ørsta i sin invitasjon.

Så står det att å sjå kva for klubb som klarer å skape mest engasjement.