Haraldsson forlenger med Volda

Halldor Stefan Haraldsson har signert ein ny toårsavtale med Volda handball.  Foto: Pressefoto

Sport

Halldor Stefan Haraldsson har signert ein ny toårsavtale som hovudtrenar for Volda handball. Det opplyser klubben i ei pressemelding.

- Volda Handball sitt damelag har allereie vist at dei høyrer til i toppen av norsk damehandball. Halldor har fått fram eit stabilt vinnarlag basert på lokale og regionale spelarar, og vi er svært entusiastiske og stolte over å ha fått med oss Halldor i minst to år til, seier styreleiar Norodd Dyrhovden.

Islendingen kom til Volda for fire år sidan og har sett sitt preg på klubben. Haraldsson trur at han kan vere med på å løfte Volda til nye høgder. Dei to siste sesongane har laget vore nære å kjempe om opprykk til eliteserien i handball.

- Grunnen til at eg signerer for nye to år, er drivkrafta i klubben. Det viktigaste for ein trenar er at ein kan stole på dei folka ein har rundt deg, og det føler eg at eg kan her i Volda. Eg blir inspirert av den entusiasmen og alt det arbeidet folka knytt til klubben legg ned kvar dag. Derfor trur eg vi kan løfte klubben til nye høgder samen med sponsorar, publikum og alle andre som er glad i Volda handball, seier Halldór Stefán Haraldsson.