Frå Ørsta til Bergsøy

Mathias Welle Aam har signert for Bergsøy. Her saman med styreleiar Nils Christian Nørvåg i Bergsøy handball.   Foto: Bergsøy IL handball

Sport

Etter å ha levert ein god sesong i 3. divisjon på seniornivå og markert seg i Lerøyserien på G18 er det interesse for fleire av Ørsta sine spelarar. No er det klart at Mathias Welle Aam har signert ein 1-årskontrakt med 2. divisjonsklubben Bergsøy.



– Mathias er eit av dei største handballtalenta på Sunnmøre, og har vore fast innslag på regionale landslag dei siste åra. Mathias er 18 år og har i sesongen 2019/2020 spelt for Ørsta sitt seniorlag i 3 divisjon, og for Ørsta sitt G18 lag i Lerøyserien, seier styreleiar Nils Christian Nørvåg i Bergsøy IL handball.

Ørstingen går inn i stallen som skal hevde seg i 2. divisjon komande sesong.

– Bergsøy IL Handball ønsker Mathias velkomen til klubben, og ønsker han lykke til med nye utfordringar saman med Bergsøy sitt herrelag i neste sesong 2. divisjon.

Ørsta-trenar Tommy Bjørnerem Furuli har tidlegare opplyst til Møre-Nytt at klubben har god dialog med spelarane og at Ørsta stiller eit slagkraftig lag i 3. divisjon.

Bergsøy har henta Einar Jónsson som trenar. Islendingen trente Molde frå 2. divisjon til Eliteserien for kvinner.