Ankane til Volda og Ørsta vart avvist

– Volda HK slengde ikkje urettferdig-kortet på bordet

Ørsta handball og Volda handball hadde håp om opprykk til 2. divisjon og Eliteserien, men anke- sakene vann ikkje fram i appellkomiteen til Norges handballforbund.

Ikkje opprykk: Verken Ørsta handball eller Volda handball nådde fram med ankesakene sine. Dermed blir det spel i 3. divisjon og 1. divisjon også komande sesong. 

Sport

– Det var ein nedslåande beskjed, men det er ikkje mogleg å anke vidare, så då må vi forhalde oss til det, sa styreleiar i Ørsta Handball, Sven Castberg, til Sunnmørsposten før helga.