Ørsta mistar opprykket på matematikk

- Vi vil anke avgjerda til handballforbundet

Opprykk: Region Nord har bestemt seg for å gje tilbod om spel i 2. divisjon til Rørvik og Harstad. Ørsta vil anke avgjerda til Handballforbundet.   Foto: Joachim Åsebø/Arkiv

Sport

Handballsesongen var brått avslutta då det vart sett i verk tiltak for å hindre smitten av koronaviruset i Noreg. Handballherrane til Ørsta toppa si avdeling i 3. divisjon og var på god veg mot kvalifiseringsspel til 2. divisjon. Då sesongen vart avslutta var det venta at Ørsta ville få tilbod om å spele i 2. divisjon komande sesong, men Region Nord har no fatta vedtak om at Harstad og Rørvik skal rykke opp frå 2. divisjon medan Ørsta blir verande i 3. divisjon.