Ørsta IL fotball ber aktive om å følgje retningslinene

- Konsekvensen kan bli at vi må stenge kunstgrasbana

Ørsta IL fotball ber om at brukarar ikkje samlar seg i grupper på Aurstad Arena.  Foto: Rune Sæbønes/Arkiv

Sport

All organisert aktivitet innan idrett er stoppa ut april månad. Mange vil likevel halde seg i aktivitet.

- Dette er eit svært viktig tiltak for å stoppe spredning av koronaviruset. Får no melding om at mange samlast og trenar på kunstgrasbana, og driv aktivitet som ikkje er i samsvar med anbefalingane frå helsemyndigheitene, skriv Ørsta IL fotball på sine heimesider.

Fotballgruppa ønsker at brukarane skal trene og halde seg i form, men at dette blir gjort utan at mange samlar seg i grupper.

- Konsekvensen kan då bli at vi må stenge kunstgrasbana også.