Stoppar handballkampar

Alle regionale handballkampar vert stoppa frå 12. mars.  Foto: Johann Roppen

Sport

Norges handballforbund bestemte onsdag at alle regionale handballkampar vert stoppa grunna
korono-viruset.

Vedtaket er fatta av ei samla nasjonal leiargruppe i Norges Håndballforbund (NHF), opplyser handballforbundet.

Nasjonal leiargruppe, som består av NHFs generalsekretær og regionane sine daglege leiarar, var samla på Ullevaal stadion onsdag for å vurdere de tydelege signala frå Folkehelseinstituttet i lys av koronavirusets spreiing.

Det betyr at det ikkje blir handballkampar i Volda og Ørsta kommunar på ei stund. Restriksjonane gjeld frå 12. mars.

Lerøyserien, der G18-laget til Ørsta spelar, har kansellert dei resterande serierundane og sesongen er dermed ferdigspelt.

– Dette er ikkje noko vi gjer med lett hjarte, og eg beklagar den situasjonen som norsk handball nå står overfor. Signala frå helsemyndigheitene er derimot så tydelege at dagens avgjerd står fram som ei rett avgjerd, seier generalsekretær i Norges Håndballforbund, Erik Langerud.