Ørsta-fotballen kan miste stort tilskot

Fryktar at fleire vert ekskluderte frå fotballen

Illustrasjonsfoto.  Foto: Svein Aam

Sport

I fjorten år har Ørsta Fotball årleg fått 150.000 kroner i tilskot til kunstgrasbana. No kan det vere slutt.

Konsekvensen kan verte auka kontingent for medlemmane og såleis at enkelte vert ekskluderte frå å ta del i fotballen, vedgår kommunedirektøren.

Politikarane i formannskapet får saka på bordet på neste møte. Då skal dei ta stilling til om ei langvarig støtteordning skal vidareførast eller ikkje. I 2005 inngjekk Ørsta Fotball ein avtale om eit kommunalt tilskot på 150.000 kroner årleg til den gamle kunstgrasbana. Avtalen gjekk ut i fjor og no har Ørsta Fotball søkt om ei vidareføring. Men kommunedirektøren vil ikkje pirioritere dette.

-Med bakgrunn i kommunen sin økonomiske situasjon tilrår kommunedirektøren avslag på søknaden, heiter det i forslaget.

I budsjettet for 2020, som vart vedteke av kommunestyret før jul, vart også denne posten stroken frå budsjettet og omdisponert til andre føremål. Det er difor ikkje ledige midlar i budsjettet til dette føremålet.

Styret i Ørsta Fotball gjer det klart at det er stort behov for å halde oppe den kommunale støtten.

-Ein slik stønad vil gje klubben lågare kostnader, noko vi treng i tida framover med framleis store investeringar som til dømes tribune ved kunstgrasbana (Aurstad Arena), utskifting av kunstgrasdekke i Kiwihallen og behov for meir speleflater til fotballen, skriv styret i søknaden.

Det vert vist til millioninvesteringar siste åra som har gjeve klubben eit stort løft.

- Samstundes har dette gjeve oss driftskostnader som er langt større en tidlegare, skriv styret.

Dei viser til at Volda kommune i si tid gjekk inn med eit betydeleg beløp som årleg stønad til deira hallprosjekt (160.000 over 20 år), og at fotballen i tillegg mottek ei årleg overføring som driftsstønad 75.000 kroner.

Ørsta Fotball driv med negative rekneskapstal. Resultatet for 2017 var eit underskot på 138.000 og i 2018 var underskotet 530 000.

-Med dagens kostnader er det vanskeleg å gå i balanse i fotballgruppa utan å auke treningskontingenten til medlemmane, noko vi frykter kan ekskludere enkelte til å kunne vere med, skriv styret.