Avlyser all breiddefotballaktivitet

All breiddefotballaktivitet vert avlyst ut april. Det har NFF bestemt.  Foto: Joachim Åsebø

Sport

Norges fotballforbund (NFF) har gjort vedtak om at all breiddeaktivitet i landet vert avlyst ut april. Dette gjeld all form for trening, samlingar og kampaktivitet.

Det er på bakgrunn av retningsliner frå helsemyndigheitene at NFF har gjort dette vedtaket. NFF opplyser at idrettslag som har spørsmål i samband med dette skal ta kontakt med sin lokale fotballkrets.

– For Sunnmøre sin del betyr det at alle OBOS-kampar, futsal-turneringar, kurs og annan møteaktivitet med klubbene blir avlyst/utsett i denne perioden. Kva som skjer med seriestarten/kampoppsettet der kjem vi tilbake til, skriv Sunnmøre fotballkrets i ei pressemelding.