Handballherrane feia Molde av bana:

Opprykksfinale neste for Ørsta

Sigrar: Odin Silseth Tømmerbakk og resten av Ørsta-stallen leverte to gode kampar i helga og er på veg mot opprykkskvalifisering. Foto: Joachim Åsebø/Arkiv 

Sport

Ørsta sikra seg to poeng mot Vikhammer laurdag og feia Molde av bana søndag. I komande kamp bli det opprykksfinale heime i Ørstahallen.

Sytten sigrar og eit tap var fasiten for Ørsta før kampane mot Vikhammer 2 og Molde i helga. I Ørstahallen har vertane levert mykje god handball gjennom årets sesong i 3. divisjon. Vertane var klare favorittar då Vikhammer 2 kom på besøk laurdag, men det vart ein jamnare kamp enn venta. Ti minutt før pause gav Per Ingebrigtsen heimelaget leiinga 12-9, men Vikhammer beit godt frå seg. Rett før pause var dei eitt mål bak Ørsta, men skåring frå Abdulbaset Aljajeh og Odin Silseth Tømmerbakk gav Ørsta tremålsleiing til pause 17–14.

Etter kvilen hadde vertane kontroll på kampen. Eit kvarter før slutt gav Sigurd Vartdal Ørsta leiinga 27–20. På det meste hadde Ørsta ei leiing på ni mål i kampen. Sluttresultatet vart 33–27 og Ørsta sin attande siger for sesongen.

Molde har levert ein god andre halvdel av årets handballsesong. Det var venta at dei skulle gje Ørsta kamp om poenga i Ørstahallen, men realiteten vart noko heilt anna. Ørsta kontrollerte Molde-kampen frå start til slutt. Midtvegs i 1 omgang auka Lovro Kresic leiinga for heimelaget til 10–5. På det siste kvarteret i kampen noterte gjestene seg for to skåringar. Ørsta på si side skåra elleve mål og gjekk til pause med 21-7-leiing.

Kampen var meir eller mindre avgjort halvvegs. Heimelaget leverte ein nesten like god 2. omgang som 1. omgang. Ørsta vann omgangen 21–10 og kampen 42–17. Ein kalassiger.

Før denne sesongen vart det sagt at sesongmålet for Ørsta er opprykk. Laurdag 21. mars vert det avgjort om Ørsta spelar opprykkskvalifisering eller ikkje. Ørsta toppar avdeling ein i 3. divisjon. Sju poeng bak og med tre kampar mindre spelt ligg Stjørdal/Lånke. Det er opprykksrivalen som kjem på besøk i Ørstahallen om to veker. Om Ørsta vinn den kampen er dei klare for opprykkskvalifisering. Skulle dei tape vil dei vere avhengig av resultata i dei andre kampane til Stjørdal/Lånke.

Odin Silseth Tømmerbakk vart toppskårar for Ørsta mot Vikhammer 2 med sju mål. Sigurd Vartdal og Joachim Remvik skåra begge sju mål i storsigeren mot Molde.