Jonas (27) frå Volda på toppliste i Champions League

Denne sesongen har Jonas Kvalen for første gong spelt Champions League i volleyball. Det gjekk over all forventning, men enda likevel bittert.

Jonas Kvalen sto for mange av Greenyard Maaseiks poeng i Champions League denne sesongen.   Foto: CEV.EU

Sport

Volleyballspelaren har spelt i utlandet i ei årrekke, men først denne sesongen debuterte han i sporten si gjevaste turnering i Europa, Champions League, for den belgiske klubben Greenyard Maaseik. Det vart ein stor personleg opptur for Kvalen, som i heile gruppespelet vart den åttande beste poengplukkaren i turneringa. Også på fleire andre statistikkar er han høgt oppe.