Julie og Jonatan vart krinsmeistrar i friidrett

Tvillingane Jonatan og Julie Hovden Ryste imponerte stort i klassane G12 og J12.  Foto: Ørsta IL friidrett

Sport

Jonatan Hovden Ryste (G12) vart krinsmeister på 60 m, 200 m, 600 m og 1000 m kappgang i Ulsteinhallen i helga.

Tvillingsyster hans, Julie Hovden Ryste (J12), vart krinsmeister i kappgang og lengdehopp, og ho hadde nest beste tid på 60 m.

Isak Vindjell (G12) vann 200 m på 28,10 sek etter ein svært tøff spurt på oppløpssida.

Oskar Mjelva Straume (G12) vann stavhopp med 1,90 m.

Oskar Mjelva Straume (G12) vann stavhopp med 1,90 m.  Foto: Ørsta IL friidrett

Johannes Eiksund (G17) vann 60 m på 7,44 og 946 Tyrvingpoeng. Amalie Tomasgard (J18/19) vann 1500 m på 5,14,41 og sette ny innandørs klubbrekord. Resultata lovar godt for Johannes og Amalie som skal på UM komande helg.

G12 klare for 60 m, f.v. Vemund Råheim Vatne, Jonatan Hovden Ryste og Rasmys Nymark.  Foto: Ørsta IL friidrett

Det vart og mange andre krinsmeistrar, medaljar og gode resultat til dei 30 utøvarane frå Ørsta IL friidrett. Oppteljinga viste 48 personlege rekordar og 12 nye klubb/aldersrekordar.

G12 klare for start.  Foto: Ørsta IL friidrett

Arrangør Dimna IL imponerte igjen denne helga. Fredag kveld arrangerte dei elitestemnet Karstein Warholm International i ein fullsett Ulsteinhall, med over 1000 publkumarar i hallen. Laurdag og søndag arrangerte dei krinsmeisterskap med godt over 200 deltakarar.

Resultatliste ligg på www.dimna.no

Ørsta på pallen på 200 m for G13, f.v.: Arn Buset Bredeli, Molde Olymp (halvt ørsting) 28,14, Isak Vindfjell, Ørsta IL, 28.10, og Noah Digernes Merheb, 28,54.   Foto: Ørsta IL friidrett

Dei gode prestasjonane kjem av den gode veksten i friidrettsgruppa i Ørsta dei siste åra. Stadig nye talent dukkar opp, og det er god breidde i gruppa. Mange nye utøvarar frå Volda kjem til Ørsta for å halde på med friidrett.

I mars stiller gruppa med utøvarar på UM (NM for ungdom) og på Bamseleikane, landet største innandørsstemne.