Frå Ørsta til Hødd

Helena Nygård, her i aksjon mot Hødd2, har signert for Hødd.  Foto: Svein Aam

Sport

Helena Nygård har vore ein viktig spelar for damelaget til Ørsta IL fotball. No melder midtbanespelaren overgang til 2. divisjon og Hødd.

- Eg valte å spele for Hødd fordi at det er eit spelande lag som passa meg fint og i tillegg klarte laget seg godt i 2. divisjon i fjor. Det blir ei ny utfordring for meg som eg ser veldig fram til, seier Nygård til klubben sine heimesider.