Reint bord for Ørsta

Ruben Rekkedal Nydahl.  Foto: Arkiv/Joachim Åsebø

Sport

Herrelaget til Ørsta spelte dobbeltkamp i Trondheim i helga. Laurdag vart det 39-26-siger mot Kolstad 2. Ruben Rekkedal Nydahl og Per Ingebrigtsen vart toppskårar for Ørsta med seks mål kvar.

Søndag føremiddag vart det jamnare mot Sverresborg 2. Ørsta var i leiinga 14-9 til pause. Sverresborg vann 2. omgang 12-9, men Ørsta tok to nye poeng med 23-21-siger. Nysigneringa Lovro Kresic vart toppskårar med seks mål.

Ørsta har no vunne seksten av sytten seriekampar i 3. divisjon denne sesongen. Dei toppar tabellen og held stø kurs mot avdelingssiger og opprykkskvalifisering til 2. divisjon. Komande helg kjem Kristiansund på besøk i Ørstahallen.