Vart krinsmeistrar på heimebane

Sport

Samarbeidslaget til Ørsta og Hovdebygda Jenter 14 vart i helga krinsmeister i futsal etter 4 helger med seriespel. Kampen om KM-tittelen starta i november i 2019 og kulminerte i Ørstahallen no i helga.

Laget, som med omlegginga i jentefotballen i år stiller i serien jente 15, er det laget med flest jenter i si årsklasse i krinsen med 34 spelarar pr. dags dato. Dei var det einaste laget som stilte med tre lag noko som gjer denne prestasjonen endå større. Etter siste futsalkamp i Ørsta si storstove fekk vi besøk frå krinsen som delte ut pokalen som viste at ingen var betre enn Ørsta J14 i futsalserien.

Her er pokalen til jentene presentert av Thomas Ryste og Bjørnar Ingebrigtsen som er to av dei 5 trenarane til jentene. Dei tre andre er Anita Rand, Kai-Are Strande og Geir Arne Aarseth.

Jentene trener no tre gonger i veka og førebur seg til sesongen gjennom OBOS-spel. Der laget stiller med to 11-lag. I tillegg blir Norway Cup eit av høgdepunkt. Laget skal vere med på krinsmeistrane si meisterturnering på Hamar som er eit uoffisielt NM for klassen i april. Dette er ein cup laget kvalifiserte seg gjennom å bli nr. 2 i 1. divisjon for 11-lag i 2019.