Viktig kamp i Trondheim

No til helga skal KFUM Volda sitt damelag i Mizunoligaen på nok ein bortekamp.

Ny kamp: KFUM Volda reiser til Trondheim til helga og møter NTNUI. Foto: Einar Juliebø 

Sport

Denne gongen er det studentlaget NTNUI som er motstandar. Volda-damene kan med poeng i denne kampen sikre ein plass i sluttspelet. Sist helg fekk KFUM Volda som venta tøff motstand og tapte begge kampane mot Randaberg på laurdag og mot TVN (Toppvolley Norge) på søndag. Mot Randaberg kom Volda-damene aldri opp mot sitt beste, og tapte 3–0. Volda-damene vart overspelt i dei to første setta, og tapte 9–25 og 17–25. Mot TVN følgde kvarandre tett i første settet, men KFUM Volda trekte det lengste strået og vann 25–23. TVN snudde det andre sette og vann dei to siste.

KFUM Volda må i dei komande kampane sikre nokre poeng, som kan gje plass i sluttspelet. Dei to laga som hamnar på første og andre plass i grunnserien vil vere direkte kvalifisert for semifinalen i sluttspelet. Dei som kjem på plass 3–6 vil kjempe om dei to siste semifinaleplassane. Med tre kampar att ligg KFUM Volda på 5.-plass, og har 7 poeng forsprang ned til 6.-plass. Det blir viktig å ta poeng mot NTNUI for å trygge sluttspelplassen.